Markus 6
6
Jesus vert vanvyrd i Nasaret, 1-6; sender ut dei tolv apostlane, 7-13. Herodes meiner at Jesus er Johannes døyparen, som han hev hogge hovudet av, 14-29. Apostlane kjem attende til Jesus; han mettar 5.000 mann, 30-44, gjeng på sjøen, 45-52, lækjer mange, 53-56.
1So for han burt derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han.#Matt 13,54-58; Luk 4,16-30 2Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga, og dei mange som høyrde på han, var reint upp i under og sa: Kvar hev han dette frå? Kva er det for visdom han hev fenge? Og slike underverk som han gjer! 3Er ikkje dette timbremannen, son åt Maria og bror åt Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systerne hans her i grendi? Og dei stygdest ved han. 4Jesus sa til dei: Ein profet er ingen stad vanvyrd utan i si eige grend og hjå sitt eige folk og i sin eigen heim! 5Han kunde ikkje gjera noko under der, so nær som at han la hendene på nokre få helselause og lækte dei. 6Og han undra seg yver vantrui deira. Sidan gjekk han frå grend til grend og lærde.#Matt 9,35 7Og han kalla dei tolv til seg og tok til å senda dei ut, tvo og tvo, og gav dei makt yver dei ureine åndene.#Mark 3,13-19; Matt 10,1-42; Luk 9,1-6 8Han sa til dei at dei skulde ikkje taka anna med på vegen enn ein stav, ikkje brød, ikkje skreppa, ikkje kopar i beltet; 9sandalar kunde dei ganga med, men dei måtte ikkje hava på seg meir enn ei trøya. 10Kvar gong de kjem inn i eit hus, sa han, so ver der til de fer burt frå den bygdi! 11Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, so gakk dykkar veg, og rist av moldi under føtene dykkar! Det skal vera eit vitnemål mot dei. 12So tok dei i vegen og tala for folket og mana dei til å venda um. 13Og dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange helselause med olje og lækte dei.#Jak 5,14 14Kong Herodes fekk og høyra um det - for Jesus hadde vorte namnspurd - og han sa: Det er Johannes, døyparen! Han hev stade upp frå dei daude; difor tér det seg so underfulle krafter i han.#Matt 14,1-13; Luk 9,7-17 15Andre sa: Det er Elias; endå andre sa: Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.#Matt 16,14 16Men då Herodes høyrde det, sa han: Det er Johannes, han som eg let dei hogga hovudet av; no hev han stade upp att! 17For Herodes hadde sjølv sendt ut folk til å gripa Johannes og lagt han i band og lekkjor, og det valda Herodias, kona åt Filip, bror hans. For henne hadde Herodes gift seg med; 18men Johannes sa til han: Du må ikkje hava brorkona di!#3 Mos 18,16; 20,21 19Difor bar Herodias hat til han og vilde at han skulde drepast, men kunde ikkje få det til. 20For Herodes hadde age for Johannes, av di han visste han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt handi si yver han; når han høyrde han, kom han i tvil um mangt og mykje, og han høyrde han gjerne. 21Men so kom det ei lagleg tid: det var då Herodes på årmålsdagen sin gjorde eit gjestebod for stormennene sine og herhovdingane og dei gjævaste i Galilea. 22Då kom dotter åt Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene hans tykte gildt i henne, og kongen sa til henne: Bed meg um kva du vil, so skal eg gjeva deg det! 23Og han svor på at ho skulde få det ho bad um - um det so var halve riket hans. 24So gjekk ho ut og spurde mor si: Kva skal eg beda um? - Hovudet åt Johannes døyparen! svara mori. 25Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynsket sitt; ho sa: Eg vil at du no med det same skal gjeva meg hovudet åt Johannes døyparen på eit fat. 26Kongen vart reint ille ved; men for di han hadde svore, og for gjestene skuld, vilde han ikkje segja henne nei. 27Han sende straks ein av livvakti av stad og bad han henta hovudet åt Johannes. 28Mannen gjekk til fengslet og hogg hovudet av Johannes; so kom han med det på eit fat og gav det til gjenta, og ho gav det til mor si. 29Då læresveinane åt Johannes fekk høyra det, kom dei og tok liket hans og la det i ei grav. 30Apostlane samla seg atter hjå Jesus, og sa frå um alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket. 31Då sa han til dei: Kom no de åleine med meg til ein øydestad og kvil dykk litt! For det var mange som kom og gjekk, og dei fekk ikkje ein gong matro. 32So for dei åleine i båten til ein øydestad.#Matt 14,13-21; Luk 9,10-17; Joh 6,1-15 33Men folk såg dei fara burt, og mange kjende dei att, og frå alle byane sprang dei landveges dit og kom fyre dei, 34og då Jesus steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i dei; for dei var som ein saueflokk utan hyrding; og han tok til å læra dei mykje.#Matt 9,36 35Då dagen tok til å lida, kom læresveinane til han og sa: Det er audt her, og dagen lid. 36Send dei frå deg, so dei kann ganga burt i gardane og grendene her kringum og kjøpa seg mat! 37Gjev de dei mat! svara han - Skal me ganga av og kjøpa brød for tvo hundrad peningar og gjeva dei? sa dei då. 38Kor mykje brød hev de? spurde han; gakk og sjå etter! Då dei so hadde fenge greida på det, sa dei: Fem leivar og tvo fiskar. 39Då sa han at dei skulde lata alle setja seg i det grøne graset, bordlag og bordlag. 40So let dei seg ned i flokkar, sume på hundrad og sume på femti. 41Og han tok dei fem brødleivane og dei tvo fiskane og såg upp imot himmelen og velsigna dei; so braut han brødet og gav det til læresveinane, so dei skulde setja det fram for dei, og dei tvo fiskane skifte han og ut åt dei alle. 42Då alle hadde ete og var mette, 43samla dei upp tolv korger fulle med brødstykke og noko fisk. 44Og det var fem tusund mann som hadde fenge mat. 45Straks etter dette var gjort, nøydde han læresveinane til å ganga i båten og fara fyre yver sjøen, burtimot Betsaida, medan han sjølv bad farvel med folket.#Matt 14,22-33; Joh 6,15-21 46Og då han hadde skilst med dei, gjekk han upp i fjellet og vilde beda. 47Då det leid på kvelden, var båten midt utpå sjøen, og sjølv var han åleine på land. 48Han såg at det gjekk tungt for dei med roren; for dei hadde vinden imot seg. Og ikring den fjorde nattevakti kom han gangande burtimot dei på sjøen, og vilde ganga framum dei. 49Då dei såg at han gjekk på sjøen, tenkte dei at det var eit skrymt, og dei sette i og skreik; 50for dei såg han alle og vart fælne. Men i det same tala han til dei og sa: Ver hugheile! Det er eg! Ver ikkje redde! 51So steig han upp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var so forstøkte at dei var reint ifrå seg.#Mark 4,39 52For dei hadde ikkje vitrast av det som var hendt med brødet; so seige og tungnæme var dei. 53Då dei hadde fare yver til hitt landet, kom dei til Gennesaret og la til der.#Matt 14,34-36 54Med det same dei steig utor båten, kjende folk han att, 55og dei sprang rundt i heile grannelaget, og tok til å bera dei sjuke kring i sengene sine dit som dei høyrde han var. 56Og kvar han kom, til grender eller byar eller gardar, sette dei sine sjuke ut på torget og bad um dei måtte få taka um so berre i falden på kjolen hans; og alle som kom nær han, vart gode att.#Mark 5,27-28
Currently Selected:
Markus 6: NO1938N
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2