Logo de YouVersion
Icono de búsqueda

Markus 10

10
Jesus talar um ekteskapet, 1-12, velsignar småborn, 13-16, vitnar for den unge rikmannen um vegen til livet, 17-22, og for læresveinane sine um kor fårleg rikdomen er, 23-27, og um nådeløni den fær som skil seg med noko for hans skuld, 28-31; segjer atter fyreåt at han skal lida og døy og standa upp att, 32-34; refser Sebedeus-sønene og manar til audmykt, 35-45; lækjer den blinde Bartimeus, 46-52.
1So tok han ut derifrå, og for til Judabygdene og bygdene på hi sida Jordan. Og folket samla seg att ikring han, og han lærde dei, som han var van med.#Matt 19,1-12 2Då kom det nokre farisearar og spurde han: Tru ein mann hev lov til å skilja seg ifrå kona si? Det var for å freista han dei spurde um det. 3Kva hev Moses sagt dykk fyre? sa Jesus. 4Moses gav lov til å skriva eit skilsmålsbrev og senda henne frå seg, svara dei.#5 Mos 24,1; Matt 5,31 5Då sa han til dei: Av di de er so hardhjarta, skreiv Moses den lovi for dykk. 6Men alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud dei til mann og kvinna.#1 Mos 1,27; 5,2 7Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si,#1 Mos 2,24 8og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, 9og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja. 10Heime spurde læresveinane han att um det same. 11Då sa han til dei: Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei onnor, bryt ekteskapet med henne og gjer hor. 12Og dersom ho skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, gjer ho hor. 13Og dei bar småborn til han, so han skulde røra ved dei, men læresveinane truga dei som bar dei.#Matt 19,13-15; Luk 18,15-17 14Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: Lat småborni koma til meg; hindra dei ikkje! for Guds rike høyrer slike til. 15Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, han skal på ingen måte koma inn i det.#Matt 18,3 16So tok han dei i fanget og la hendene på dei og velsigna dei. 17Då han kom ut på vegen, sprang det ein fram og fall på kne for han og spurde: Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?#Matt 19,16-22; Luk 18,18-30 18Kvi kallar du meg god? sa Jesus. Ingen er god utan ein - Gud! 19Bodi kjenner du: Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal ikkje slå under deg annan manns eigedom! Du skal æra far din og mor di!#2 Mos 20,12-17 20Han svara: Meister, alt det hev eg halde frå eg var ung. 21Då såg Jesus på han og fekk han kjær. So sa han: Eitt vantar deg: Gakk burt og sel alt det du hev, og gjev det til dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!#Luk 12,33 22Ved det ordet for det ein skugge yver andletet hans, og han gjekk sturen burt; for han åtte mykje. 23Då såg Jesus kringum seg og sa til læresveinane sine: Kor vandt det er for den som eig mykje å koma inn i Guds rike! 24Læresveinane stokk yver ordi hans. Men Jesus tok til ords att og sa: Kor vandt det er, borni mine, å koma inn i Guds rike for dei som set si lit til rikdom!#Ordt 11,28 25Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike! 26Då vart dei endå meir forfærde og sa til kvarandre: Kven kann då verta frelst? 27Jesus såg på dei og sa: For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud; for alt er mogeleg for Gud. 28Då tok Peter til ords og sa til han: Enn me som hev skilt oss med alt og fylgt deg!#Matt 19,27-30; Luk 18,28-30 29Og Jesus svara: Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen som hev skilt seg med heim eller brør eller syster eller mor eller far eller born eller gardar for mi skuld og for evangeliet skuld, 30utan at han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem, eit æveleg liv. 31Men mange som no er med dei fyrste, skal då verta millom dei siste, og dei siste millom dei fyrste. 32No var dei på vegen upp til Jerusalem. Jesus gjekk fyre dei, og dei undrast, og dei som fylgde, var forstøkte. Då samla han atter dei tolv ikring seg og tok til å tala til dei um det som skulde henda han:#Matt 20,17-19; Luk 18,31-34 33No fer me upp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast i hendene på øvsteprestane og dei skriftlærde, og dei skal døma han frå livet og gjeva han yver til heidningane;#Mark 9,31 34og dei skal spotta han og sputta på han og hudfletta han og drepa han; men tri dagar etter skal han standa upp att. 35Jakob og Johannes, sønene åt Sebedeus, kom til han og sa: Meister, det er noko me vil beda deg um! Vil du gjera det for oss?#Matt 20,20-28 36Kva vil de eg skal gjera for dykk? sa han. 37Lova oss at me skal få sitja innmed deg i din herlegdom, ein på di høgre og ein på di vinstre sida! svara dei. 38De veit ikkje kva de bed um, sa Jesus. Kann de drikka den skåli som eg drikk, eller taka den dåpen som eg tek?#Mark 14,36; Luk 12,50 39Ja, det kann me, sa dei. Då sa Jesus til dei: Den skåli eg drikk, skal de drikka, den dåpen eg fær, skal de få; 40men sætet ved mi høgre eller vinstre sida er det ikkje mi sak å gjeva burt; det lyt dei få som det er etla åt. 41Då dei ti høyrde det, tok dei til å harmast på Jakob og Johannes. 42Då kalla Jesus dei kring seg og sa: De veit at dei som gjeld for fyrstar, råder yver folki sine, og stormennene deira hev velde yver dei. 43Men so er det ikkje hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre, 44og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle.#Mark 9,35 45For Menneskesonen er ikkje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva sitt liv til løysepening for mange. 46So kom dei til Jeriko. Då Jesus tok ut att frå Jeriko med læresveinane sine og ein svær folkehop, sat son åt Timeus, Bartimeus, ein blind tiggar, attmed vegen,#Matt 20,29-34; Luk 18,35-43 47og då han høyrde det var Jesus frå Nasaret, tok han på å ropa: Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg! 48Mange truga han og sa han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: Davids son, gjer sælebot på meg! 49Jesus stana og sa: Ropa han hit! Då ropa dei på den blinde og sa til han: Ver hugheil! Reis deg upp! Han ropar på deg. 50So kasta han av seg kjolen og spratt upp og kom burt til Jesus. 51Og Jesus sa til han: Kva vil du at eg skal gjera for deg? Den blinde svara: Rabbuni, lat meg få att syni! 52Då sa Jesus til han: Gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg. Og med ein gong fekk han att syni og fylgde Jesus på vegen.

Actualmente seleccionado:

Markus 10: NO1938N

Destacar

Compartir

Copiar

None

¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión