Markus 9
9
Jesus vert forklåra på berget, 2-10, talar til læresveinane um Elias, 11-13; lækjer ein forgjord gut, 14-29; forkynner at han skal døy og standa upp att, 30-32, manar til audmykt, 33-37, åtvarar mot blind ihuge, 38-41, og mot forføring, 42-50.
1Det segjer eg dykk for sant, sa han: Sume av dei som her stend, skal ikkje smaka dauden fyrr dei ser at Guds rike hev kome med makt. 2Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter og Jakob og Johannes upp på eit høgt fjell; der var dei åleine for seg sjølve. Då vart han forklåra for augo deira,#Matt 17,1-9; Luk 9,28-36 3og klædi hans vart skinande kvite, so ingen bleikjar i verdi kunde ha gjort dei so kvite. 4Og Elias synte seg for dei saman med Moses; dei stod og tala med Jesus. 5Då tok Peter til ords og sa til Jesus: Meister, det er godt me er her! Lat oss gjera tri hyttor, ei åt deg, og ei åt Moses, og ei åt Elias! 6Han visste ikkje kva han skulde segja; for dei var fulle av otte. 7So kom det ei sky og skygde yver dei, og or skyi kom det ei røyst: Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr på han! 8Men best som dei skoda ikring seg, såg dei ingen meir utan Jesus - han var åleine hjå dei. 9Då dei gjekk ned av fjellet, sa han til dei at dei ikkje måtte tala til nokon um det dei hadde set, fyrr Menneskesonen var staden upp frå dei daude. 10Det ordet merkte dei seg, men undrast seg imillom kva det skulde tyda: «standa upp frå dei daude». 11So spurde dei han: Segjer ikkje dei skriftlærde at fyrst lyt Elias koma? 12Han svara: Ja, fyrst kjem Elias og set alt i rett lag att; og kva er det som stend skrive um Menneskesonen? At han skal lida mykje og aktast for inkje.#Sal 22,7-11; Jes 53,3-4; Dan 9,26 13Men eg segjer dykk at Elias og er komen, og dei gjorde med han slikt dei vilde, soleis som det er skrive um han. 14Då dei kom til læresveinane, såg dei ein stor folkehop kringum dei, og nokre skriftlærde som var i ordkast med dei.#Matt 17,14-21; Luk 9,37-43 15Og med same folkemengdi fekk sjå han, vart dei reint forstøkte, og sprang imot han og helsa. 16Kva er det de dregst med dei um? spurde han. 17Då svara ein av folket: Meister, eg er komen til deg med son min. Han hev ei mållaus ånd i seg; 18når ho tek tak i han, riv ho og slit i han, so fraudi stend utor munnen, og han skjer tenner og visnar burt. Eg bad læresveinane dine at dei vilde driva henne ut, men dei var ikkje god til. 19Då tok Jesus til ords og sa: Å, du vantrune ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk? Kor lenge skal eg tola dykk? Kom hit til meg med han! 20So leidde dei guten burt til han, og med same han såg Jesus, reiv åndi i han, so han stupte i marki og velte seg og togg fraud.#Mark 1,26 21Kor lenge hev han havt det so? spurde Jesus. Faren svara: Frå han var eit lite barn; 22og ofte hev åndi kasta han både i elden og i vatnet og vilja gjort ende på han. Men er det mogeleg for deg, so gjer sælebot på oss og hjelp oss! 23Um det er mogeleg for meg -? svara Jesus. Alt er mogeleg for den som trur!#Mark 6,5-6 24Straks ropa far åt barnet: Eg trur! Hjelp mi vantru! 25Då Jesus såg at folket strøymde til, truga han den ureine åndi og sa: Du mållause og dauve ånd, far ut or han, segjer eg, og far aldri i han meir! 26Då hua ho og reiv hardt i guten, og for ut. Og han vart som eit lik, so dei fleste sa: Han hev slokna! 27Men Jesus tok han i handi og vekte han; då reiste han seg upp. 28Då Jesus var komen i hus, og læresveinane var åleine med han, spurde dei: Kvi kunde ikkje me driva ut åndi? 29Han svara: Dette slaget kann ikkje drivast ut på anna vis enn med bøn og fasta. 30So tok dei ut derifrå og for gjenom Galilea. Men han vilde ikkje nokon skulde vita det;#Matt 17,22-23; Luk 9,43-45 31for han lærde sveinane sine og sa: Menneskesonen skal gjevast yver i menneskehender, og dei skal drepa han; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.#Mark 8,31 32Men dei skyna ikkje det ordet, og torde ikkje spyrja han.#Luk 18,34 33So kom dei til Kapernaum, og då han var heime att, spurde han dei: Kva var det de tala um på vegen?#Matt 18,1-14; Luk 9,46-56 34Dei tagde, for på vegen hadde dei tala med einannan um kven som var størst.#Luk 22,24 35Då sette han seg og kalla til seg dei tolv, og sa til dei: Vil nokon vera den fyrste, so skal han vera den siste av alle og tenar for alle!#Matt 20,26; Mark 10,43 36So tok han eit lite barn og sette midt imellom dei, og tok det i fang og sa til dei: 37Den som tek imot eit sovore barn for mitt namn skuld, han tek imot meg; og den som tek imot meg, tek ikkje imot meg, men den som sende meg.#Joh 13,20 38Johannes sa til han: Meister, me såg at ein som ikkje er i fylgje med oss, dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud han det, for di han ikkje var i fylgje med oss.#Luk 9,49-50; 4 Mos 11,27-29 39De skal ikkje forbjoda han det, sa Jesus; for den som gjer eit under i mitt namn, kann ikkje so snart tala vondt um meg;#1 Kor 12,3 40den som ikkje er imot oss, er med oss.#Matt 12,30 41For den som gjev dykk ei skål med vatn å drikka for di de høyrer Kristus til, han skal ikkje missa si løn, det segjer eg dykk for visst.#Matt 10,42 42Men den som freistar nokon av desse små som trur, for han var det mykje betre um det var lagt ein kvernstein um halsen hans, og han vart kasta i havet.#Matt 18,6-14; Luk 17,1-2 43Dersom handi di freistar deg, so hogg henne av! Det er betre du gjeng vanfør inn til livet, enn at du hev båe hendene dine og kjem i helvete, i den usløkkjande elden, 44der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar.#Jes 66,24 45Og dersom foten din freistar deg, so hogg han av! Det er betre du gjeng einføtt inn til livet, enn at du hev båe føtene dine og vert kasta i helvete, 46der ormen deira ikkje døyr, og elden ikkje sloknar. 47Og dersom auga ditt freistar deg, so riv det ut! Det er betre du gjeng einøygd inn i Guds rike, enn at du hev tvo augo og vert kasta i helvete, 48der ormen deira ikkje døyr og elden ikkje sloknar. 49For kvart menneske skal saltast med eld, liksom kvart offer vert salta med salt.#3 Mos 2,13 50Salt er godt; men vert saltet saltlaust, kva vil de då salta det med? Hav salt i dykk sjølve, og haldt fred med kvarandre!
Actualmente seleccionado:
Markus 9: NO1938N
Destacar
Compartir
Copiar
¿Quieres tener guardados todos tus destacados en todos tus dispositivos? Regístrate o inicia sesión
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2