1
Lukas 12:40
Bibelen – Bibelselskapets omsetjing 2011
Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
Összehasonlít
Fedezd fel: Lukas 12:40
2
Lukas 12:31
Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.
Fedezd fel: Lukas 12:31
3
Lukas 12:15
Så sa han til dei alle: «Ta dykk i vare for lysta til alltid å eiga meir! For det er ikkje det du eig, som gjev deg livet, om du har aldri så mykje.»
Fedezd fel: Lukas 12:15
4
Lukas 12:34
For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
Fedezd fel: Lukas 12:34
5
Lukas 12:25
Kven av dykk kan med all si uro leggja ei alen til si livslengd?
Fedezd fel: Lukas 12:25
6
Lukas 12:22
Han sa til læresveinane: «Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med.
Fedezd fel: Lukas 12:22
7
Lukas 12:7
Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.
Fedezd fel: Lukas 12:7
8
Lukas 12:32
Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.
Fedezd fel: Lukas 12:32
9
Lukas 12:24
Sjå på ramnane! Dei sår ikkje og haustar ikkje, dei har verken matbu eller låve, men Gud før dei likevel. Kor mykje meir er ikkje de enn fuglane!
Fedezd fel: Lukas 12:24
10
Lukas 12:29
Ver ikkje urolege, og tenk ikkje heile tida på kva de skal eta og kva de skal drikka.
Fedezd fel: Lukas 12:29
11
Lukas 12:28
Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!
Fedezd fel: Lukas 12:28
12
Lukas 12:2
Ingenting er gøymt som ikkje skal fram i dagen, og ingenting er løynt som ikkje skal bli kjent.
Fedezd fel: Lukas 12:2
Kezdőoldal
Biblia
Tervek
Videók