1
Apostelgjerningane 2:38
Norsk oversettelse 1938 nynorsk
Vend um, svara Peter, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene dykkar, so skal de få den Heilage Ande i gåva.
Mampitaha
Mikaroka Apostelgjerningane 2:38
2
Apostelgjerningane 2:42
Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfundet, ved brødbrjotingi og bønene.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:42
3
Apostelgjerningane 2:4
Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav dei å tala.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:4
4
Apostelgjerningane 2:2-4
Då kom det brått ein ljod frå himmelen og fyllte heile huset dei sat i; det lyddest likt eit sterkt vêr som kjem farande. Dei fekk sjå tungor liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav dei å tala.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:2-4
5
Apostelgjerningane 2:46-47
Dagstødt søkte dei samhuga templet, braut brødet kring i heimane og åt maten sin i frygd og hjartans einfelde. Prisa gjorde dei Gud og var vel lika av alt folket. Og Herren la dagleg attåt lyden sin nokre som let seg frelsa.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:46-47
6
Apostelgjerningane 2:17
Og det skal henda i dei siste dagane, segjer Gud, at eg vil renna ut av min Ande yver alt kjøt, og sønene og døtterne dykkar skal tala profetord, og dei unge gutane hjå dykk skal sjå syner, og dei gamle mennene hjå dykk skal drøyma draumar.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:17
7
Apostelgjerningane 2:44-45
Alle dei som trudde, var jamleg saman og hadde alt i hop. Dei selde eigedomane og godset sitt og bytte det ut åt alle, etter som dei hadde torv til.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:44-45
8
Apostelgjerningane 2:21
Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:21
9
Apostelgjerningane 2:20
Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr Herrens dag kjem, den store og herlege.
Mikaroka Apostelgjerningane 2:20
Fidirana
Baiboly
Planina
Horonan-tsary