Apostelgjerningane 2
2
Den Heilage Ande vert utrend på kvitsundagen, 1-13. Peter vitnar at det er Guds lovnad gjenom profeten Joel som no vert uppfyllt, og at Jesus er Messias, stadfest av Gud ved uppstoda frå dei daude, 14-36. Verknaden av dette vitnemålet; 3.000 vert døypte, 37-41. Tilstandet i den fyrste kristne kyrkjelyden, og voksteren, 42-47.
1Då kvitsunndagen kom, var dei alle samla på ein stad.#Apg 1,13-15 2Då kom det brått ein ljod frå himmelen og fyllte heile huset dei sat i; det lyddest likt eit sterkt vêr som kjem farande. 3Dei fekk sjå tungor liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4Då vart dei alle fyllte med den Heilage Ande, og dei tok til å tala med andre tungor, etter som Anden gav dei å tala.#Apg 1,5; 10,44-46; 11,15; 19,6; Mark 16,17; 1 Kor 12,10; 14,1-28 5Det var mange jødar der som hadde teke bustad i Jerusalem, gudlege menn frå alle land under himmelen. 6Då no denne ljoden kom, strøymde mengdi i hop og var forstøkte, for di kvar høyrde dei tala på hans eige mål. 7Dei vart reint frå seg av undring og sa: Er det då ikkje Galilea-menn, alle desse som talar? 8Korleis gjeng det so til at me no alle fær høyra vårt eige mål, som me er fødde med 9- partarar og medarar og elamitar, og me som eig heime i Mesopotamia og Judea og Kappadokia, Pontus og Asia, 10Frygia og Pamfylia, Egyptarland og Libyabygdene burtimot Kyrene, og me romarar som bur her - 11både fødde jødar og slike som hev teke jødetrui - Kreta-menn og arabar: alle høyrer me dei tala på våre eigne tungemål um Guds store verk! 12Dei var reint frå seg alle saman og visste ikkje kva dei skulde tenkja. Kva kann dette vera? sa dei seg i millom. 13Men sume spotta og sa: Dei er fulle! Dei hev drukke søt vin. 14Då steig Peter fram, og dei elleve med han. Han lyfte upp målet og tala soleis til dei: Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem, lat meg få segja dykk kva dette er, og lyd vel etter ordi mine! 15For desse menn er ikkje drukne, som de tenkjer - det er då berre den tridje timen på dagen - 16men dette er det som er sagt gjenom profeten Joel:#Joel 3,1-2 17Og det skal henda i dei siste dagane, segjer Gud, at eg vil renna ut av min Ande yver alt kjøt, og sønene og døtterne dykkar skal tala profetord, og dei unge gutane hjå dykk skal sjå syner, og dei gamle mennene hjå dykk skal drøyma draumar.#Jes 44,3; Sak 12,10 18Jamvel på trælane og trælkvinnone mine vil eg renna ut av min Ande i dei dagane, og dei skal tala profetord. 19Og eg vil lata det te seg under på høge himmelen og teikn nedpå jordi: blod og eld og røykkvervlar. 20Soli skal verta til myrker og månen til blod, fyrr Herrens dag kjem, den store og herlege.#Matt 24,29 21Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.#Rom 10,12-13 22Israelitiske menn, høyr desse ordi: Jesus frå Nasaret, ein mann som Gud hev peika ut for dykk med veldige verk og under og teikn, som Gud let han gjera ibland dykk, so som de sjølve veit -#Apg 10,38 23han vart etter Guds eigi rådgjerd og med hans fyrevitende gjeven i fiendehand, og de let menn som ikkje lydde vår lov, nagla han til krossen og taka livet hans; 24men Gud reiste han upp att og let dauden gjeva han frå seg, etter di det ikkje var mogeleg at den kunde halda på han.#Apg 2,32; 3,15; 4,10; 10,40; 13,30.34; 17,31 25For David segjer um han: Eg hadde Herren stødt for augo mine, for han er ved mi høgre hand, so eg ikkje skal verta rikka.#Sal 16,8-11 26Difor gledde mitt hjarta seg, og mi tunga fagna seg, ja endå mitt kjøt skal kvila trygt i von; 27for du vil ikkje sleppa sjeli mi i helheimen og ikkje lata din heilage sjå undergang.#Apg 13,35 28Du lærde meg livsens vegar, du skal fylla meg med fagnad for di åsyn. 29Brør, lat meg tala fritt til dykk um David, ættefaren vår - at han er både avliden og gravlagd, og gravi hans er hjå oss den dag i dag. 30Etter di han no var ein profet og visste at Gud hadde lova og svore han at han vilde setja ein av hans eigne etterkomarar på kongsstolen hans,#2 Sam 7,12; Sal 89,4-5; 132,11 31so var det um Messias og uppstoda hans han tala då han skoda inn i framtidi og sa det ordet at han ikkje vart sett att i helheimen, og kjøtet hans ikkje såg undergang.#Sal 16,10 32Denne Jesus hev Gud reist upp att; det er me alle vitne um.#1 Kor 15,15 33Då no Gud hadde lyft han upp til seg med si høgre hand, fekk han av Faderen den Heilage Ande, som var lova, og rende so ut dette som de både ser og høyrer. 34For David for ikkje upp til himmelen; han segjer sjølv: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand,#Sal 110,1 35til dess eg fær lagt dine fiendar til fotbenk for deg! 36So skal då heile Israels-ætti vita for visst at Gud hev gjort han både til Herre og Messias - han, denne Jesus som de hev krossfest. 37Då dei høyrde det, for det som ein styng igjenom hjarta deira, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: Kva skal me gjera, brør?#Hebr 4,12; Apg 16,30 38Vend um, svara Peter, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene dykkar, so skal de få den Heilage Ande i gåva.#Luk 24,47 39For det er dykk lovnaden gjeld - dykk og borni dykkar og alle dei som er langt burte, so mange som Herren vår Gud kallar til seg.#1 Mos 17,7; Joh 10,16 40Endå mange ord tala han medan han bar fram vitnemålet sitt og fyretolone sine, og sa: Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætti! 41Dei som no tok imot ordi hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt um lag tri tusund sjeler attåt Herrens lyd.#Luk 24,47 42Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfundet, ved brødbrjotingi og bønene.#Luk 24,30; Apg 20,7.11 43Det kom ein otte yver dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde. 44Alle dei som trudde, var jamleg saman og hadde alt i hop.#Apg 4,32-36 45Dei selde eigedomane og godset sitt og bytte det ut åt alle, etter som dei hadde torv til.#Apg 4,34 46Dagstødt søkte dei samhuga templet, braut brødet kring i heimane og åt maten sin i frygd og hjartans einfelde.#Apg 1,13 47Prisa gjorde dei Gud og var vel lika av alt folket. Og Herren la dagleg attåt lyden sin nokre som let seg frelsa.#Apg 5,13-14
Voafantina amin'izao fotoana izao:
Apostelgjerningane 2: NO1938N
Asongadina
Hizara
Dika mitovy
Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2