Då sa Peter: Ananias, kvi hev Satan fyllt hjarta ditt, so du laug for den Heilage Ande og gøymde undan noko av pengane du fekk for garden? Var han ikkje din so lenge du hadde han, og då han var seld, hadde du ikkje då rådvelde yver det du fekk for han? Kvi let du slik ein tanke få rom i hjarta ditt? Det er ikkje menneske du hev loge for, det er Gud. Då Ananias høyrde dei ordi, seig han i hop og andast. Og det kom ein stor otte yver alle dei som høyrde det.