Apostelgjerningane 5
5
Ananias og Saffira lyg og lyt døy, 1-11. Apostlane gjer under; kyrkjelyden veks framleides, 12-16. Apostlane vert sette i fengsel, men vert fria ut ved ein engel, 17-20. Dei vert andre gongen førde fram for det høge rådet, som no vil slå dei i hel, 21-33. Gamaliel hindrar dette ved talen sin; dei vert hudfletta, men let ikkje denne lidingi hindra dei i å forkynna evangeliet, 34-42.
1Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde og ein eigedom dei hadde; 2men han gøymde undan noko av pengane, og det visste kona um og var med på det; det var berre ein part av summen han kom fram med og la for føtene åt apostlane.#Apg 4,35-36 3Då sa Peter: Ananias, kvi hev Satan fyllt hjarta ditt, so du laug for den Heilage Ande og gøymde undan noko av pengane du fekk for garden?#Joh 13,2 4Var han ikkje din so lenge du hadde han, og då han var seld, hadde du ikkje då rådvelde yver det du fekk for han? Kvi let du slik ein tanke få rom i hjarta ditt? Det er ikkje menneske du hev loge for, det er Gud. 5Då Ananias høyrde dei ordi, seig han i hop og andast. Og det kom ein stor otte yver alle dei som høyrde det. 6Dei yngste i lyden reiste seg og la liket til rettes; so bar dei han ut og jorda han.#3 Mos 10,4-5 7So leid det fram tri timar på lag; då kom kona hans inn og visste ikkje kva som var hendt. 8Peter tala til henne og sa: Seg meg, var dette prisen de selde garden for? - Ja, svara ho, det var alt me fekk for han. 9Kor kunde det hava seg at de vart samstelte um å freista Herrens Ande! sa Peter. Høyr fotstegi utfor døri! - det er dei som hev jorda mannen din, og no skal dei bera ut deg. 10Og med ein gong seig ho ned for føtene hans og andast. Då dei unge mennene kom inn, fann dei henne lik, og dei bar henne ut og jorda henne jamsides med mannen hennar. 11Og det kom ein stor otte yver heile kyrkjelyden og alle som høyrde det. 12Mange var dei teikn og under som apostlane fekk makt til å gjera bland folket. Dei heldt alle samhuga til i Salomonshalli. 13Av dei andre torde ingen halda seg innåt dei, men folket vyrde dei mykje, 14og fleire og fleire truande vart vunne for Herren, menn og kvinnor i hopetal. 15Folk bar jamvel dei sjuke ut på gatone og let dei liggja der på senger og benker, so i det minste skuggen av Peter kunde falla på einkvan av dei når han kom.#Apg 19,11-12 16Ja, endå frå byane rundt i kring kom dei i mengdevis til Jerusalem og førde med seg sjuke og folk som var plaga av ureine ånder, og dei vart alle lækte. 17Då la øvstepresten seg frami, han og alle dei som heldt med han - dei som høyrde til saddusearflokken - og fulle av ihuge som dei var,#Apg 4,1 18la dei hand på apostlane og sette dei i det ålmenne fengslet. 19Men ein engel frå Herren let upp dørene åt fengslet um natti og leidde dei ut og sa:#Apg 12,7 20Gakk og stig fram i templet og tala til folket alle dei ordi som høyrer til dette nye livet!#Joh 6,68 21Då dei høyrde det, gjekk dei framimot morgonen inn i templet og lærde. Um eit bel kom øvstepresten og fylgjet hans. Dei kalla i hop rådet og alle styresmennene åt Israels-borni, og sende bod til fengslet at apostlane skulde førast fram for dei.#Apg 4,5 22Men då tenarane kom til fengslet, fann dei dei ikkje der, og dei kom attende og sa frå: 23Fengslet fann me vel attlæst, og vaktmennene stod frammed dørene, men då me let upp, fann me ingen der inne. 24Då hovdingen for tempelvakti og øvsteprestane høyrde det, visste dei ikkje kva dei skulde tenkja um dei, eller kva dette skulde verta til. 25Då kom det ein og sa frå: Dei mennene de sette i fengsel, dei stend no i templet og lærer folket. 26Då gjekk tempelhovdingen og tenarane av stad og henta dei; men dei bruka ikkje makt, for dei var redde folket kunde steina dei. 27Då dei hadde fenge dei med seg, førde dei dei fram for rådet. Og øvstepresten spurde dei: 28Forbaud me dykk ikkje strengt å læra i det namnet? og no hev de fyllt Jerusalem med læra dykkar og vil få blodet åt denne mannen til å koma yver oss!#Apg 4,18; Matt 27,25 29Då svara Peter og dei andre apostlane: Ein lyt lyda Gud meir enn menneske.#Apg 4,19; Dan 6,10-11 30Vår fedre-Gud vekte upp Jesus, han som de hengde upp på eit tre og tok livet av.#Apg 3,15 31Han hev Gud no lyft upp til seg og sett ved si høgre hand og gjort han til ein hovding og frelsar, som skal føra Israel til umvending og gjeva dei forlating for syndene.#Apg 2,33; Fil 2,9; Hebr 2,9-10 32Dette er me vitne um, me og den Heilage Ande, som Gud hev gjeve dei som lyder han.#Luk 24,48; Joh 15,27; 14,17 33Då dei høyrde det, vart dei reint uppøste og la upp råd um å rydja dei or vegen. 34Då reiste det seg i rådsmøtet ein farisear som heitte Gamaliel; han var ein lovlærar som heile folket heldt høgt i æra. Han bad dei lata mennene ganga ut eit lite bel;#Apg 22,3 35so sa han: Israelitar, sjå dykk fyre kva de gjer med desse folki! 36For ei tid sidan stod Teudas fram og sa seg å vera noko, og ein hop på ikring fire hundrad mann slo seg i lag med han; men han vart drepen, og heile den flokken som lydde han, løyste seg upp og vart til inkjes. 37Etter han stod Judas, galilearen, fram, i den tidi skatte-utskrivingi var. Han fekk lokka ein flokk til å fylgja seg; men han og umkomst, og dei som lydde han, vart spreidde til alle kantar. 38Difor segjer eg dykk no: Lat desse mennene vera og ansa dei ikkje meir! For dersom det dei emnar på eller tek seg fyre, berre er menneskeverk, so vil det løysa seg upp i inkje;#Matt 15,13 39men kjem det frå Gud, so fær de aldri tynt dei. Tak dykk i vare! Elles kunde det koma til å syna seg at de hadde stridt imot Gud.#Apg 9,5 40Dei lydde rådi hans, kalla apostlane inn att og sa at dei kunde ganga, men let dei fyrst verta hudflengde, og forbaud dei å tala i Jesu namn. 41Og dei gjekk burt frå rådstova, glade for di dei var haldne verdige til å lida vanæra for det namnet skuld.#Matt 5,10-12; Rom 5,3; Fil 1,29; 1 Pet 4,13 42Og sidan heldt dei ikkje ein einaste dag upp med å læra og forkynna evangeliet um Kristus Jesus, stundom i templet og stundom heime.#Apg 4,31.33
Voafantina amin'izao fotoana izao:
Apostelgjerningane 5: NO1938N
Asongadina
Hizara
Dika mitovy
Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2