Kisary famantarana ny YouVersion
Kisary fikarohana

Johannes 18

18
Judas svik Jesus, 1-11; Jesus vert forhøyrd for Annas og førd til Kaifas; Peter avneittar han, 12-27. Jesus for Pilatus, 28-40.
1Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinane sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinane inn i.#Matt 26,36; Mark 14,32; Luk 22,39; 2 Sam 15,23 2Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinane sine. 3Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinane åt øvsteprestane og farisearane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpen.#Matt 26,47-56; Mark 14,43-52; Luk 22,37-38; Apg 1,16 4Som no Jesus visste alt som skulde koma yver han, gjekk han fram og sa til dei: Kven leitar de etter? 5Jesus frå Nasaret, svara dei. Det er eg, segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med dei. 6Då han no sa til dei: Det er eg, for dei attende og fall til jordi. 7So spurde han dei endå ein gong: Kven leitar de etter? - Jesus frå Nasaret, sa dei. 8Eg hev alt sagt dykk at det er eg, svara Jesus; er det meg de leitar etter, so lat desse få ganga! 9Soleis skulde det sannast det ordet han hadde sagt: Eg hev ikkje mist nokon av dei du gav meg.#Joh 17,12 10Simon Peter hadde eit sverd; det drog han og hogg til tenaren åt øvstepresten og sneidde av han det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus. 11Då sa Jesus til Peter: Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg? 12Vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinane åt jødane tok no Jesus og batt han. 13Fyrst førde dei han til Annas; for han var verfar åt Kaifas, som var øvsteprest det året. 14Det var Kaifas som hadde gjeve jødane den rådi at det var best EIN mann døydde for folket.#Joh 11,49-53 15Med Jesus fylgde Simon Peter og ein annan læresvein. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;#Matt 26,58 16men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn. 17So segjer portnargjenta til Peter: Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinane åt denne mannen? Nei, svara han. 18Huskarane og sveinane hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå dei og vermde seg. 19Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinane hans og um læra hans. 20Jesus svara: Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødane kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd. 21Kvi spør du meg? Spør dei som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til dei! Dei veit kva eg hev sagt. 22Då han sa det, gav ein av sveinane som stod innmed, Jesus eit slag i andletet og sa: Svarar du øvstepresten so? 23Hev eg sagt noko urett, svara Jesus, so prova at det er urett; men var det rett det eg sa, kvi slær du meg då? 24So sende Annas han bunden av stad til Kaifas, øvstepresten.#Joh 18,13; Matt 26,57 25Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinane hans du og? Han neitta det og sa: Nei, det er eg ikkje.#Matt 26,69-75; Mark 14,66-72; Luk 22,55-62 26So segjer ein av huskarane åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: Såg eg deg ikkje sjølv i lag med han i hagen? 27Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen. 28Frå Kaifas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.#Matt 27,2; Mark 15,1; Apg 11,3; 5 Mos 16,2-3; 2 Krøn 30,22 29So gjekk Pilatus ut til dei og sa: Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen? 30Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve han yver til deg, svara dei. 31Då sa Pilatus til dei: Tak de han og døm han etter lovi dykkar! - Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon, svara jødane.#Joh 19,6 32Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.#Joh 12,32-36 33So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sa til han: Er du kongen yver jødane?#Matt 27,11-14; Mark 15,2-5; Luk 23,3-16 34Jesus svara: Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg? 35Er då eg ein jøde? svara Pilatus; folket ditt og øvsteprestane hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort? 36Jesus svara: Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so hadde sveinane mine stridt for meg, so eg ikkje skulde koma i hendene på jødane. Men no er ikkje riket mitt av denne verdi.#Joh 6,15; 1 Tim 6,13 37Men so er du då ein konge? sa Pilatus. Jesus svara, Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst. 38Kva er sanning? svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødane og sa til dei: Eg finn ingi skuld hjå han; 39men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødane fri?#Matt 27,15-26; Mark 15,6-15; Luk 23,17-25 40Men dei ropa alle på nytt: Ikkje han, men Barabbas! Barabbas, det var ein røvar.

Voafantina amin'izao fotoana izao:

Johannes 18: NO1938N

Asongadina

Hizara

Dika mitovy

None

Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra