12
Gud kallar og velsignar Abram
1 #
Jos 24,3; Apg 7,3; Hebr 11,8 Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! 2#15,5; 17,4ff; 18,18; 22,17f; 26,4Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.
3 #
Apg 3,25; Gal 3,8 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
men den som forbannar deg, skal eg forbanna.
I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»
4Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran. 5Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alle eigedelane dei hadde samla seg, og folka dei hadde skaffa seg i Harran. Dei braut opp for å dra til landet Kanaan.
Då dei kom til Kanaan, 6#12,6 den heilage staden Sikem Sikem vart sidan eit viktig religiøst og politisk sentrum i Israel. Jf. Jos 24,1ff; 1 Kong 12,25. More-eika eller «Orakeleika», truleg ein stad der det vart formidla guddomleg bodskap gjennom orakel. Jf. Dom 9,37.drog Abram gjennom landet heilt til den heilage staden Sikem, til More-eika. Den gongen budde kanaanearane i landet. 7#13,15; 15,18; 17,8; 24,7; 26,3f; 28,4.13; 35,12; 48,4; 5 Mos 34,4; Jos 21,43; Neh 9,8; Apg 7,5Herren synte seg for Abram og sa: «Eg vil gje dette landet til di ætt.» Og der bygde Abram eit altar for Herren, som hadde synt seg for han. 8#12,8 Betel, Ai stader som ligg ca. 15 km nord for Jerusalem.Derifrå flytte han opp i fjellandet aust for Betel og slo opp teltet sitt mellom Betel i vest og Ai i aust. Der bygde han eit altar for Herren og kalla på Herrens namn. 9#12,9 Negev området sør for Juda, for ein stor del øydemark.Sidan braut Abram opp og drog frå stad til stad mot Negev.
Abram og Sarai i Egypt
10 #
26,1; 41,57 Det var hungersnaud i landet. Då drog Abram ned til Egypt for å bu der som innflyttar, for nauda var stor i landet. 11Då han nærma seg Egypt, sa han til kona si, Sarai: «Høyr på meg: Eg veit at du er ei vakker kvinne. 12Når egyptarane får sjå deg, kjem dei til å seia: Dette er kona hans. Så slår dei meg i hel og lèt deg leva. 13#20,2.12; 26,7Kan du ikkje seia at du er syster mi? Så går det meg godt for di skuld, og eg får leva takka vere deg!»
14Då Abram kom til Egypt, såg egyptarane at kvinna var overlag vakker. 15Og stormennene til farao fekk sjå henne og lét vel om henne for han. Så vart kvinna henta til faraos hus. 16Og farao gjorde godt mot Abram for hennar skuld. Han fekk småfe, storfe og esel, slavar og slavekvinner, eselhopper og kamelar.
17Men Herren lét svære plager råka farao og huset hans på grunn av Sarai, kona til Abram. 18Då kalla farao Abram til seg og sa: «Kva er det du har gjort mot meg? Kvifor fortalde du meg ikkje at ho er kona di? 19Kvifor sa du at ho er syster di, så eg tok henne til kone? Sjå, her har du kona di! Ta henne og gå!» 20Farao sette nokre menn til å senda han bort saman med kona hans og alt han eigde.