Apostelgjerningane 11
11
Dei truande i Jerusalem lastar Peter, av di han hadde teke heidningar upp i kyrkjelyden, men tagnar då apostelen fortel dei at det hev hendt etter Guds eige bod, 1-18. Den fyrste heidningkristne kyrkjelyden vert grunnlagd i Antiokia; Barnabas og Saulus lærer i kyrkjelyden; kyrkjelydlemene sender ei pengehjelp til morkyrkjelyden i Jerusalem, 19-30.
1Apostlane og dei brørne som heldt til rundt ikring i Judea, fekk høyra at heidningane og hadde teke imot Guds ord. 2Då so Peter kom upp til Jerusalem, klandra dei på han dei som heldt sterkt på umskjeringi, og sa:#Apg 10,45 3Du hev gjenge inn i huset til folk som ikkje er umskorne, og ete i lag med dei.#Apg 10,28 4Då tok Peter til ords og greidde ut for dei alt saman frå fyrst til sist. 5Eg var i Joppe, sa han, og bad til Gud; då kom det ei burtrykning på meg, og eg hadde ei syn: Eg såg noko som kom dalande ned; det syntest vera ein stor linduk, som vart fira ned frå himmelen etter dei fire hyrno sine. Det kom heilt nedåt meg,#Apg 9,43; 10,8-23 6og eg feste augo på det og skoda det vel. Då vart eg var dei firføtte dyri som lever på jordi, og villdyri og krjupdyri og fuglane som flyg uppunder himmelen. 7Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: Statt upp, Peter! Slakta og et! 8Nei visst ikkje, Herre! svara eg; noko vanheilagt eller ureint hev aldri kome i min munn. 9Då kom det andre gongen ei røyst frå himmelen, som sa til meg: Det som Gud hev lyst reint, skal ikkje du halda for vanheilagt. 10Dette hende tri gonger etter einannan; so vart alt saman drege upp att til himmelen. 11Då stod det med ein gong tri menn utanfor det huset eg var i; dei var sende til meg frå Cesarea. 12Og Anden sa til meg at eg skulde ganga med dei og ikkje vera tvihuga. Desse seks brørne vart og med. Då me so kom heim til mannen, 13fortalde han oss korleis han hadde set engelen som stod i huset hans og sa til han: Send bod til Joppe etter Simon, som hev tilnamnet Peter! 14Han skal tala ord til deg som skal verta til frelsa for deg og heile huset ditt. 15Eg hadde ikkje fyrr teke til å tala, fyrr den Heilage Ande fall på dei, liksom på oss i den fyrste tidi.#Apg 2,4 16Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med den Heilage Ande.#Apg 1,5; Matt 3,11; Jes 44,3; Joel 3,1 17Gav no Gud dei den same gåva som me fekk, då dei var komne til trui på Herren Jesus Kristus, var då eg den mann at eg skulde kunna meinka Gud? 18Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: So hev då Gud late heidningane og få venda um so dei kann leva! 19Dei som no hadde vorte spreidde ikring for skuld dei trengslone som tok til med forfylgjingi mot Stefanus, dei for vidt utyver og kom radt til Fønikia og Kypern og Antiokia. Dei tala ikkje ordet til andre enn jødar;#Apg 8,1 20men millom dei var det nokre menn frå Kypern og Kyrene, som, då dei kom til Antiokia, tala til grekarane og, og bar fram evangeliet um Herren Jesus. 21Og Herrens hand var med dei, og ein stor hop tok trui og vende um til Herren. 22Tidendi um det dei hadde gjort, nådde kyrkjelyden i Jerusalem, og dei sende Barnabas av stad til Antiokia. 23Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad og mana alle til å halda fast ved Herren med hjartans råd og vilje;#Apg 13,43 24for han var ein god mann og full av den Heilage Ande og av tru. Og ein stor flokk vart vunnen for Herren. 25Sidan for han til Tarsus, vilde leita upp Saulus, og då han hadde funne han, fekk han han med seg til Antiokia. 26Der var dei no eit heilt år gjester hjå kyrkjelyden og lærde ein stor flokk, og der, i Antiokia, var det læresveinane fyrst vart kalla kristne. 27Ved det leitet kom det nokre profetar frå Jerusalem nord til Antiokia. 28Og ein av dei, han heitte Agabus, stod fram og varsla gjenom Anden at det skulde koma ei hard sveltenaud yver heile jordriket, og den kom og under Klaudius.#Apg 21,10 29Då rådde læresveinane seg til å senda noko til hjelp for brørne i Judea: kvar skulde gjeva etter som han hadde råd til.#Rom 15,25-29; 1 Kor 16,1; 2 Kor 8,4; Gal 2,10 30Det gjorde dei og, og dei sende gåva si med Barnabas og Saulus til dei eldste.#Apg 12,25
Voafantina amin'izao fotoana izao:
Apostelgjerningane 11: NO1938N
Asongadina
Hizara
Dika mitovy
Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2