Apostelgjerningane 10
10
Kornelius, ein gudleg romersk hovudsmann i Cesarea, fær i ei syn det bodet at han skal kalla til seg Peter frå Joppe, 1-8. Samstundes fær Peter og i ei syn det bodet at han skal fara til Kornelius, endå Kornelius er heidning, 9-23. Peter forkynner Kristus for Kornelius og huslyden og venene hans; den Heilage Ande fell på dei, og dei vert døypte; soleis vert dei fyrste heidningane upptekne i Kristi lyd, 24-48.
1I Cesarea budde det ein mann som heitte Kornelius; han var hovudsmann i den herflokken dei kalla Italia-flokken.#Apg 8,40; 21,8 2Han var ein gudleg mann; han ottast Gud, både han og heile hans hus, mange sælebotsgåvor gav han åt folket, og bad allstødt til Gud. 3Ein dag kring den niande timen hadde han ei syn: han såg skilleg ein Guds engel som kom inn til han og sa: Kornelius! 4Kornelius stirde på han og vart redd; so spurde han: Kva vil du, Herre? Engelen svara: Bønene og sælebotsgåvone dine hev stige upp til Gud som eit minningsoffer; 5send no folk til Joppe og henta ein mann som heiter Simon og hev tilnamnet Peter! 6Han bur hjå ein garvar som heiter Simon og hev eit hus utmed sjøen. 7Då engelen som tala til han, var faren burt, kalla han til seg tvo av huskarane sine og ein hermann som var gudleg, ein av dei som var med han stødt. 8Han fortalde dei alt, og sende dei so av stad til Joppe. 9Andre dagen, medan mennene var på vegen - dei var alt komne burtimot byen - gjekk Peter upp på taket og vilde beda; det var ikring den sette timen. 10Best det var, vart han svolten og vilde få seg noko mat; medan dei no stelte til maten, kom det ei burtrykning på han, 11og han ser himmelen open og noko som kjem dalande ned - det syntest vera ein stor linduk, som vart fira ned på jordi etter dei fire hyrno sine; 12i den fanst alle slag firføtte og krjupande dyr som lever på jordi, og alle slag fuglar som flyg uppunder himmelen. 13Og det kom ei røyst som sa: Statt upp, Peter! Slakta og et! 14Nei, nei, Herre! svara Peter; aldri hev eg ete noko vanheilagt eller ureint.#3 Mos 11,2-47; 5 Mos 14,3-21; Esek 4,14 15Då kom det på nytt att ei røyst som sa til han: Det som Gud hev lyst reint, skal ikkje du halda for vanheilagt! 16Dette hende tri gonger etter einannan; og straks etter vart duken teken upp att til himmelen. 17Som no Peter var rådvill og ikkje visste kva ho skulde tyda den syni han hadde set, då kom dei mennene Kornelius hadde sendt; dei hadde spurt seg fram til huset hans Simon, og no stod dei utfor porten 18og ropa inn og spurde um Simon budde der, han som hadde tilnamnet Peter. 19Og medan Peter endå grunda på syni, sa Anden til han: Her er tri menn som leitar etter deg. 20Gjer deg reidug og gakk ned og fylg med dei! Ver ikkje tvihuga; for det er eg som hev sendt dei!#Apg 15,7 21Då gjekk Peter ned og sa til mennene: Eg er den som de leitar etter; kva er ærendi dykkar? 22Dei svara: Hovudsmannen Kornelius, ein rettferdig mann, som ottast Gud og hev godt lov av heile jødefolket, hev fenge det bodet av ein heilag engel at han skulde henta deg heim til seg og høyra kva du hev å segja.#Apg 10,2; Luk 7,4-5 23So bad han dei inn og fagna dei vel. Dagen etter gjorde han seg reidug og tok av stad i lag med dei, og nokre av brørne i Joppe fylgde han. 24Andre dagen kom dei til Cesarea. Kornelius venta dei og hadde kalla i hop skyldfolket sitt og dei beste venene sine. 25Som no Peter vilde stiga inn i huset, kom Kornelius imot han og la seg å gruve for han og helsa han med stor age. 26Men Peter reiste han upp og sa: Statt upp! Eg er og berre eit menneske.#Op 19,10; 22,8-9 27Medan dei so rødde med kvarandre, gjekk han inn. Men då Peter såg alle dei som hadde samla seg der, 28sa han til dei: De veit at ein jødisk mann ikkje hev lov til å halda lag med nokon som høyrer til eit anna folk, eller ganga inn i huset til dei. Men meg hev Gud synt at eg ikkje skal kalla noko menneske vanheilagt eller ureint.#2 Mos 23,32-33; 5 Mos 7,2-5; Joh 4,9; Apg 11,3 29Difor kom eg og utan motmæle med det same eg fekk bodet. Og no vilde eg få spyrja kvifor de hev sendt bod etter meg. 30Kornelius svara: For fire dagar sidan heldt eg bøn heime i huset mitt - det var ved dette leitet, i den niande timen - då stod det med ein gong ein mann framfor meg i skinande kvite klæde. 31Kornelius, segjer han, Gud hev høyrt bøni di og hev kome i hug sælebotsgåvone dine. 32Send no bod til Joppe og kalla hit til deg Simon, som hev tilnamnet Peter! Han bur hjå Simon, ein garvar, utmed sjøen; han skal tala til deg når han kjem. 33Då sende eg straks bod til deg, og du gjorde vel som kom. So stend me no alle her for Guds åsyn og vilde gjerne få høyra alt som Herren hev sagt deg fyre. 34Då tok Peter til ords og sa: No skynar eg i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk,#5 Mos 10,17; 2 Krøn 19,7; Job 34,19; Rom 2,11; Gal 2,6; 1 Pet 1,17 35men tek imot alle som ottast han og gjer det som rett er, kva folkeslag dei so er av.#Jes 56,6-7 36Det ordet han sende ut til Israels-borni, med di han i evangeliet forkynte fred ved Jesus Kristus - han er Herre yver alle -#Joh 16,33; Rom 5,1; Kol 1,20; 1 Kor 8,6 37det ordet kjenner de, det som tok til i Galilea etter dåpen som Johannes kalla til, og sidan gjekk ut yver heile Judea -#Matt 4,12-16 38det um Jesus frå Nasaret, korleis Gud salva han med den Heilage Ande og med kraft, og korleis han gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle dei som djevelen hadde fenge i si makt; for Gud var med han.#Sal 45,8; Jes 61,1; Luk 4,18; Joh 3,2; Kol 2,9 39Og me er vitne um alt det han gjorde både rundt ikring i landet åt jødane og i Jerusalem. Honom hengde dei upp på eit tre og tok han av dage.#Joh 15,27; Apg 5,32 40Men tridje dagen vekte Gud han upp att, og let han få syna seg, 41ikkje for heile folket, men for dei vitni som Gud fyreåt hadde valt seg ut, for oss som åt og drakk i lag med han etter han hadde stade upp frå dei daude.#Joh 15,27; 20,19.26; 1 Kor 15,5-6; Luk 24,30; Joh 21,13 42Og han sette oss fyre at me skulde gjera det kunnigt for folket og bera vitne um at han er den som Gud hev etla til domar yver levande og daude.#Joh 5,27; Apg 17,31; Rom 14,9; 2 Kor 5,10 43Um han vitnar alle profetane at kvar den som trur på han, fær forlating for syndene sine ved hans namn.#Jes 53,5-6; Jer 31,34; Esek 34,15-16; Dan 9,24-27; Hos 1,7; Mi 7,18 44Fyrr Peter hadde tala ut, fall den Heilage Ande på alle dei som høyrde talen hans.#Apg 2,4 45Og alle dei truande som var umskorne og var komne i fylgje med Peter, vart forfærde for di den Heilage Ande hadde vorte gjeven åt heidningane med og rend ut yver dei;#Apg 15,8 46for dei høyrde dei tala med tungor og lovprisa Gud.#Apg 2,4 47Då tok Peter soleis til ords: Tru nokon kann meinka dei vatnet, so dei ikkje kann verta døypte, desse som hev fenge den Heilage Ande liksom me? 48Og han sa til at dei skulde døypast i Jesu Kristi namn. So bad dei han vera der nokre dagar.#Joh 4,40
Voafantina amin'izao fotoana izao:
Apostelgjerningane 10: NO1938N
Asongadina
Hizara
Dika mitovy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapistaging.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fmg.png&w=128&q=75)
Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2