Kisary famantarana ny YouVersion
Kisary fikarohana

Apostelgjerningane 9

9
Saulus vert umvend då Herren syner seg for han, og vert kalla til apostel for heidningar og jødar, 1-19. Han forkynner evangeliet i Damaskus, vert forfylgd av jødane og lyt røma, 20-25. I Jerusalem og forkynner han Jesus, men vert forfylgd der og, og lyt røma til Tarsus, fødebyen sin, 26-30. Tilstandet og voksteren i kyrkjelyden, 31. Peter kjem til Lydda og lækjer der den lame Æneas, 32-35, og til Joppe; der vekkjer han Tabita upp frå dei daude, 36-43.
1Saulus frøste endå av trugsmål og i dråpstankar mot Herrens læresveinar. Han gjekk til øvstepresten#Apg 26,9-10; Gal 1,13-24; 1 Tim 1,13 2og bad um han måtte få brev med til Damaskus, til synagogone der; for dersom han fann nokon som høyrde til Guds veg, anten det var menn eller kvinnor, so vilde han føra dei bundne til Jerusalem.#Apg 22,5; 26,12 3Men då han var på vegen og alt var komen burtimot Damaskus, glima det brått eit ljos frå himmelen kring han.#Apg 22,6; 26,13 4Han stupte åt jordi og høyrde ei røyst som sa: Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?#Apg 22,7; 26,14 5Kven er du, Herre? spurde Saulus. Eg er Jesus, han som du forfylgjer, svara han;#Apg 22,8; 26,15; 1 Kor 15,9 6men reis deg og gakk inn i byen, so skal dei segja deg kva du lyt gjera!#Apg 22,10 7Dei mennene som var i fylgje med han, stod som dei var klumsa; for dei høyrde røysti, men såg ikkje nokon.#Apg 22,9 8Saulus reiste seg frå jordi; men då han let upp augo, kunde han ingen ting sjå. So tok dei han i handi og leidde han inn i Damaskus. 9Og i tri dagar var han forutan syn og gjorde korkje åt eller drakk. 10I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i ei syn: Ananias! Han svara: Ja, her er eg, Herre!#Apg 22,12-21 11Og Herren sa til han: Ris upp og gakk burt i den beine gata, dei kallar, og spør i huset hans Judas etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus; for no bed han. 12Og han hev set i ei syn at ein mann som heitte Ananias, kom inn til han og la hendene på han so han skulde få att syni. 13Herre, svara Ananias, eg hev høyrt um den mannen av mange, kor mykje vondt han hev gjort dine heilage i Jerusalem. 14Og her hev han fullmakt frå øvsteprestane til å setja fast alle som kallar på ditt namn. 15Men Herren sa til han: Berre gakk du! for han er ein reidskap eg hev valt meg ut til å bera namnet mitt fram både for heidningar og kongar og for Israels-borni.#Apg 26,16-23; Gal 1,16 16Eg vil sjølv syna han kor mykje han lyt lida for mitt namn skuld.#2 Kor 11,23-33 17So gjekk Ananias, og då han kom til det huset som var nemnt, gjekk han inn og la hendene på Saulus og sa: Saul, bror! Det er Herren som hev sendt meg, Jesus, han som synte seg for deg på ferdi di; du skal få att syni og fyllast med den Heilage Ande. 18Og straks fall det liksom flas frå augo hans, og han fekk att syni. Han reis upp og vart døypt; 19so fekk han seg mat og kveikte seg. Han vart verande nokre dagar hjå læresveinane i Damaskus, 20og tok straks til å bera fram bodet um Jesus i synagogone: at han er Guds Son. 21Og alle som høyrde det, vart reint upp i under og sa: Er ikkje dette han som i Jerusalem heldt på å rydja ut dei som kallar på det namnet? Og hit var han komen for å setja dei fast og føra dei til øvsteprestane! 22Men Saulus vart sterkare og sterkare; han reint målbatt jødane som budde i Damaskus, med dei provi han la fram på at Jesus er Messias. 23Då det leid fram ei tid, la jødane upp råd um å rydja han or vegen. 24Men Saulus fekk vita at dei låg etter han. Dei vakta jamvel portane natt og dag, so dei kunde få gjort av med han. 25Då tok læresveinane hans um natti og slepte han ut gjenom muren og fira han ned i ei korg.#2 Kor 11,32-33 26Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg innåt læresveinane; men alle var redde han, for dei trudde ikkje at han var nokon rett læresvein.#Gal 1,18 27Då tok Barnabas han med seg til apostlane og fortalde dei korleis han hadde set Herren på ferdi, og at Herren hadde tala til han, og korleis han i Damaskus hadde lært hugheilt i Jesu namn. 28Sidan var han stødt i lag med dei i Jerusalem 29og lærde hugheilt i Herrens namn. Han tala og med dei jødane som bruka gresk mål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei la seg ut um å få rudt han or vegen, 30og då brørne vart vise med det, fylgde dei han ned til Cesarea, og hjelpte han derifrå av stad til Tarsus.#Apg 11,25 31No hadde Herrens lyd fred yver heile Judea og Galilea og Samaria, medan han bygdest upp og ferdast i age for Herren; og han auka meir og meir med hjelp av den Heilage Ande. 32Medan Peter for ikring alle stader, bar det so til at han kom ned til dei heilage som budde i Lydda. 33Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde halde sengi i åtte år; han heitte Æneas. 34Peter sa til han: Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg god att; ris upp og reid upp sengi di! Og straks reis han upp,#Matt 9,6 35og då dei som budde i Lydda og Saron, fekk sjå han, vende dei alle um til Herren. 36I Joppe var det ei læremøy som heitte Tabita - det er på gresk Dorkas -. Livet hennar var rikt på gode gjerningar og sælebotsgåvor.#Apg 10,2#9,36 Dorkas d. e. ei hind. 37I dei dagane bar det so til at ho vart sjuk og døydde; og dei tvo henne og la henne på høgstova. 38Joppe er ikkje langt frå Lydda, og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei tvo menn til han med det bodet: Gjer vel og kom hit til oss so fort du kann! 39Peter gjorde seg reidug og vart med dei. Då han kom fram, fylgde dei han upp på høgstova, og alle enkjone kom gråtande burtåt han, og synte fram alle dei trøyor og kjolar som Dorkas hadde gjort medan ho var hjå dei. 40Peter bad dei alle ganga ut, og la seg på kne og bad. So vende han seg til liket og sa: Statt upp, Tabita! Ho slo upp augo, og då ho såg Peter, reiste ho seg upp.#Mark 5,41 41Han rette henne handi og hjelpte henne upp or sengi. So kalla han inn enkjone og dei andre heilage og tedde henne fram for dei levande. 42Dette vart kunnigt yver heile Joppe, og det var mange der som kom til trui på Herren. 43Peter vart verande ei tid i Joppe hjå ein mann som heitte Simon, ein garvar.#Apg 10,6

Voafantina amin'izao fotoana izao:

Apostelgjerningane 9: NO1938N

Asongadina

Hizara

Dika mitovy

None

Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra