Apostelgjerningane 8
8
Etter Stefanus er avliden, vert det ei hard forfylgjing mot kyrkjelyden, som Saulus er ihuga med i; dei som var burtjaga, forkynner evangeliet vidt ikring, 1-4. Filip, ein av dei sju, kristnar Samaria, 5-25, og døyper ein stormann frå Etiopia, 26-40.
1Saulus var samd i at han vart drepen. Den dagen bar det til med ei hard forfylgjing mot dei som høyrde til Herrens lyd i Jerusalem, og alle so nær som apostlane spreiddest rundt ikring i Judea- og Samariabygdene.#Apg 7,58; 22,20 2Nokre gudlege menn bar Stefanus til gravi og øya og gret yver han. 3Men Saulus for ille med Herrens lyd; han gjekk inn i hus for hus og drog ut både menn og kvinnor og fekk sett dei i fengsel.#Apg 22,4; 26,10-11 4Dei som hadde spreidt seg utyver, for no frå stad til stad og bar ut evangelie-ordet.#Apg 11,19 5Filip kom ned til ein by i Samaria og tala til dei um Kristus.#Apg 6,5; 1,8 6Og folket gav alle som ein akt på det han sa, då dei høyrde han og såg teikni han gjorde. 7For mange som hadde ureine ånder i seg, for åndene ut or med høge skrik, og mange lame og vanføre vart lækte,#Mark 16,17 8so det vart stor gleda i byen.#Joh 4,39-42 9Ein mann som heitte Simon hadde fyrr fare med trolldomskunster der i byen og sett folket i Samaria i stor undring, for han gav seg ut for å vera noko stort. 10Dei lydde etter han alle, både små og store, og sa: Han er den Guds-krafti dei kallar den store. 11Det var av di han i lang tid hadde sett dei i undring med trollkunstene sine, at dei lydde etter han. 12Men dei trudde Filip då han bar fram for dei evangeliet um Guds rike og Jesu Kristi namn, og dei let seg døypa, både menn og kvinnor. 13Simon tok og trui; etter han var døypt, heldt han seg nær innåt Filip, og då han såg dei teikn og underverk som vart gjorde, vart han reint frå seg av undring. 14Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke mot Guds ord, sende dei Peter og Johannes til dei, 15og dei kom dit ned og bad for dei, so dei skulde få den Heilage Ande; 16for endå hadde han ikkje kome yver nokon av dei, dei var til dessa berre døypte til Herren Jesu namn. 17No la dei hendene på dei, og dei fekk den Heilage Ande.#Apg 6,6; 13,3 18Då Simon såg at Anden vart gjeven på den måten at apostlane la hendene på, kom han til dei med pengar og sa: 19Gjev meg og denne makti, so den som eg legg hendene på, fær den Heilage Ande! 20Men Peter svara: Forbanna vere sylvet ditt, og du sjølv med, for di du tenkte du kunde kjøpa Guds gåva for pengar!#Matt 10,8 21Du hev ingen deil eller lut i dette ordet; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud. 22So vend då um frå den vonde håtten din, og bed Herren at du må få tilgjeving for dette påfunnet ditt, um det er råd! 23For eg ser at du ligg i illskaps gall og urettferds band. 24Då tok Simon til ords og sa: Bed de til Herren for meg, so ikkje noko av det de hev nemnt, skal koma yver meg! 25Då dei tvo apostlane hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, for dei attende til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av samaritangrendene. 26Medan tala ein engel frå Herren til Filip og sa: Gjer deg reidug og far sudetter vegen som ber frå Jerusalem ned til Gasa! Det er ein øydeveg. 27Då gjorde han seg reidug og tok i vegen. Best det var, fekk han sjå ein etiop; det var ein hirdmann som stod høgt i rang hjå Kandake, dronningi i Etiopia, og var skattmeisteren hennar. Han hadde vore til Jerusalem for å dyrka Gud der;#Sef 3,10 28no var han på heimvegen, og sat og las i profeten Esaias. 29Og Anden sa til Filip: Gakk der burt og haldt deg innåt den vogni! 30Filip sprang innåt, og høyrde at mannen las i profeten Esaias. Skynar du no og det du les? spurde han. 31Kor kann eg vel det, når ingen rettleider meg? svara hin; og han bad Filip stiga uppi og setja seg hjå han. 32Det stykket av Skrifti som han las, lydde so: Som ein sau vart han leidd til slaktarbenken, som lambet er tagalt for den som klypper det, so let ikkje han heller upp sin munn.#Jes 53,7-8 33Då han var djupast nedra, vart domen yver han burtteken. Kven kann fortelja um hans ætt? for livet hans vert brått rykt burt frå jordi. 34Og hirdmannen vende seg til Filip og sa: Kjære, seg meg: kven er det profeten talar um her? um seg sjølv eller nokon annan?#Sef 3,10 35Då tok Filip til ords; han gjekk ut frå det skriftordet som er nemnt, og bar fram for han evangeliet um Jesus. 36Som dei no for frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hirdmannen sa: Sjå her er vatn. Kva er i vegen for at eg vert døypt? 37Trur du av heile ditt hjarta, so kann det gjerast, sa Filip. Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son, svara han. 38Han let vogni stana, og dei steig båe ned i vatnet, Filip og hirdmannen, og Filip døypte han. 39Då dei steig upp or vatnet, tok Herrens Ande Filip og førde han burt, og hirdmannen såg han ikkje meir; for han for glad sin veg. 40Sidan fekk dei sjå Filip i Asdod. Derifrå gjekk han ikring og forkynte evangeliet i alle byane, alt til han kom til Cesarea.#Jos 15,47; Apg 10,1; 21,8
Voafantina amin'izao fotoana izao:
Apostelgjerningane 8: NO1938N
Asongadina
Hizara
Dika mitovy
![None](/_next/image?url=https%3A%2F%2Fimageproxy.youversionapistaging.com%2F58%2Fhttps%3A%2F%2Fweb-assets.youversion.com%2Fapp-icons%2Fmg.png&w=128&q=75)
Tianao hovoatahiry amin'ireo fitaovana ampiasainao rehetra ve ireo nasongadina? Hisoratra na Hiditra
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2